'Lokomotiv Oslo - Heming [4 -3] - Terningkast:5'
Lokomotiv Oslo - Heming 4-3



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Joakim Fuglår - #1Innbytter---
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Jon Jæger - #3Innbytter---
Ola Rognebakke - #35V.Back---
Jørgen Birkeland - #24V.SentralMidt---
Sølve Dahlin Sæter - #15V.Stopper---
Asi Ivarsson - #34H.Back---
Mikkel Storeskar - #4H.Stopper-1-
Joakim Birkeland - #13H.SentralMidt1--
Kasper Hoftvedt - #31Innbytter---
Elias Flø - #6S.SentralMidt1--
Eirik Tveiten - #36V.Spiss-1-
Jonas Njerve - #22Spiss---
David Nedal - #7Innbytter1--
Adrian Nyland Ørsahl - #9Innbytter---
Mathias Nordby Sørensen - #33H.Spiss1--
Klikk her for lagoppstillingen
Siger i målrik kamp mot Heming
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Joakim B, Eirik, Mathias

 

Litt på etterskot, men torsdag kveld møtte Loket 4. divisjonslaget Heming til treningskamp på NIH for fjerde året på rad. Heming har kjempa i toppen av 4. divisjon dei siste sesongane, noko dei truleg vil gjere også i år etter særs komfortable sigrar mot solide lag som Skedsmo og Rilindja til no i oppkjøringa.

I 1. omgong er Loket det førandre laget og har bra kontroll omgongen igjennom. Imidlertid blir det med kun ei scoring, eit fint forarbeid av Eirik Tveiten finner Mathias Nordby Sørensen inne i feltet som sklir inn 1-0, eit resultat som då altso står seg til pause.

Det blir derimot langt fleire mål i 2. omgong når laga rett nok også gjer ein del bytter. 2-0 er det Joakim Birkeland som scorer. Ei pasning i bakrommet blir halvklarert av ein Heming forsvarer og Joakim er vaken frampå og setter 2-0. Heming reduserer deretter til 2-1 etter ei heading etter innlegg. Loket auker ikkje lenge etterpå til 3-1 ved David Nedal etter innlegg frå Mikkel Storeskar. På tampen av kampen kjeme det heile tre scoringar. Først auker Elias Flø til 4-1 når han er vaken frampå ein retur etter Heming-keeperen hadde redda eit skot frå Kasper Hoftvedt. Deretter reduserer Heming først til 4-2 og deretter til 4-3 på det som blir det siste sparket på ballen i denne kampen.

Dette var faktisk fyrste gong vi har vunne mot Heming i treningskamp, noko vi absolutt kan ta med oss vidare. So får vi samtidig innrømme at det var unødvendig med to baklengs heilt på tampen av kampen. Neste laurdag venter Gjelleråsen som endte på ein sterk 4. plass i si avdeling i Norsk Tipping-ligaen i 2019 til generalprøve før NM-kvaliken står for tur. Kampen mot Gjelleråsen har avspark 13:00 på NIH!