'Lillestrøm 2 - Lokomotiv Oslo [3 -2] - Terningkast:3'
Lillestrøm 2 - Lokomotiv Oslo 3-2



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Joakim Fuglår - #1Innbytter---
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Ola Rognebakke - #35V.Back---
Asi Ivarsson - #34H.Back-1-
Mikkel Storeskar - #4H.Stopper---
Joakim Birkeland - #13Innbytter---
Elias Flø - #6V.SentralMidt--
Knut-Idar Skjelten Dalhus - #10S.SentralMidt1-
Halvor Andersen - #45Innbytter---
Eirik Tveiten - #36H.SentralMidt---
Jonas Njerve - #22V.Spiss11-
David Nedal - #7V.Stopper---
Adrian Nyland Ørsahl - #9Spiss---
Mathias Nordby Sørensen - #33H.Spiss---
Klikk her for lagoppstillingen
Knepent bortetap mot Lillestrøm 2
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Mikkel, Jonas, Mathias

Som for eit år sidan var det tap i LSK-Hallen (2-1 tap den gongen), men det skal nevnast at årets prestasjon var betydelig betre.

1. omgang var ganske sjansefattig i den fyrste halvdelen, men etter omlag 25 minutt får heimelaget ei korrekt straffe som settes kontant oppe i vinkelen. Imidlertid får Loket ei klar straffe når Jonas Njerve blir felt aleine med keeper, ei straffe der Knut-Idar Skjelten Dalhus sender keeperen i det eine hjørnet og ballen i det andre, dermed ei rask kvittering til 1-1. Etter 35 minutt scorer Loket ei særs flott 2-1 scoring etter at Mathias Nordby Sørensen setter opp Asi Ivarsson på backen på høgresida som slår innlegget 45 grader frå dødlinja til Jonas Njerve som frå 8-9 meters hald setter ballen kontant i mål, rett og slett ei nydelig scoring. Like etter spelar Eirik Tveiten ein fin stikkar igjennom til Mathias som scorer, men dessverre er AD oppe med flagget. Heimelaget hadde dei par største sjansane for øvrig i omgongen, begge etter rot i Loket-forsvaret, men Sivert Pieroth redder den eine muligheita, medan den andre går like utanfor stolpen. Loket til pause med 2-1 leiing.

Loket hadde ei litt tynn tropp med kun to utespelarar på benken denne gongen, for det meste grunna skade, jobb og reise. Midt i oppkjøringsperioda vart det dermed krevande for Loket når heimelaget på side gjer ein del fleire bytter utover i 2. omgong og får meir friske bein utover omgongen. Loket har absolutt sine muligheiter i 2. omgong ved Joakim Birkeland, David Nedal, Mikkel Storeskar og Knut-Idar, men scoringane i denne omgongen tilfaller heimelaget. Først 2-2 etter 65 minutt, eit langskot frå hjørnet av 16-meteren i lengste hjørne. Deretter 3-2 til heimelaget etter 75 minutt når ei flott pasning finner LSK sin venstreback på eit flott løp heilt umarkert inne i feltet. Kampen ender dermed også i år med heimesiger.

Med tanke på at Loket hadde 3 midtstopparar fråværande måtte ein vere kreativ for å sette saman forsvarsrekka i dagens kamp, som neppe var heilt optimalt. Imidlertid gjer laget ein solid prestasjon, der dekket nok er litt uvanleg samanlikna med det ein finner utandørs. På si side både trenar og spelar heimelaget sine seriekampar på denne bana året rundt, noko som sjølvsagt gir dei eit ekstra fortrinn på flyten i pasningsspelet.

Neste laurdag er det ny treningskamp, då årets tredje og siste treningskamp innadørs står for tur i Manglerudhallen mot Manglerud Star, avspark 13:00.