'Årvoll - Lokomotiv Oslo [2 -2] - Terningkast:4'
Årvoll - Lokomotiv Oslo 2-2



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Joakim Fuglår - #1Innbytter---
Mika Mykkeltvedt - #2V.Back---
Sondre Sagmoen - #17H.Stopper---
Jon Jæger - #3H.Back-1-
Olav Kildal - #27V.Stopper---
Erlend Tjøtta Vie - #87V.Ving1--
Sander Djupvik - #40V.SentralMidt-1
Halvor Andersen - #45Innbytter---
Adrian Nyland Ørsahl - #9H.Spiss---
Tord Haakon Hovden - #39H.Ving---
Jonas Njerve - #22H.SentralMidt---
Mathias Nordby Sørensen - #33V.Spiss1--
Magnus Moan - #10Innbytter---
Klikk her for lagoppstillingen
Uavgjort borte mot Årvoll
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Jon, Mathias, Mika

 

Etter to veker med kampfri var det klart for Lokets nest siste treningskamp før serieopninga om 2 veker. Motstander var Årvoll, som også skal spele i Norsk Tipping-ligaen, men i avdelinga saman med andre lag frå Austlandet som skal til Møre & Romsdal i årets sesong.

Starten av kampen er jamnspelt, men Årvoll straffer Loket med scoring på sin først corner i kampen. Resten av omgongen er det imidlertid Loket som står for dei fleste sjansane. Tord Haakon Hovden har eit par gode avslutningar midtvegs i omgongen. Etter knappe halvtimen finner eit fint innlegg frå Sander Djupvik ein umarkert Erlend Tjøtta Vie på bakre stolpe og han setter ballen kontant i mål til 1-1. Nokre få minutt før pause tar Loket leiinga når Jon Jæger bryter fint, setter fart og avanserer 30 meter på eit fint sololøp før han spelar ballen vidare til ein umarkert Mathias Nordby Sørensen som frå kort hald gir Loket leiinga 2-1, eit resultat som også står seg til pause.

I starten av 2. omgong er det heimelaget som er mest på hugget med stor aggresivitet dei første minutta og utlignar til 2-2 etter eit flott skot frå distanse. Etter dette jamner det spelemessige seg ut, men Loket er nærast sigeren ettersom både Adrian Nyland Ørsahl og Mathias Nordby Sørensen kjeme aleine igjennom med heimelagets keeper, utan at det blir scoring. Dermed ender kampen 2-2.

Neste laurdag venter Lokets siste treningskamp før seriestart når laget møter Frigg på Marienlyst. Frigg er eit lag som mange reknar som den største favoritten i Lokets avdeling ettersom laget har oppnådd mange gode resultat i vinterens treningskampar.