'Nordstrand - Lokomotiv Oslo [2 -3] - Terningkast:5'
Nordstrand - Lokomotiv Oslo 2-3



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Jon Jæger - #3Innbytter-1-
Ole-Johan Skrede - #32H.Stopper---
Ola Rognebakke - #35V.Ving---
Vegard Hellebust - #5Innbytter--
Mika Mykkeltvedt - #2V.Back---
Olav Kildal - #27V.Stopper---
Eirik Bie - #84Innbytter---
Iver Ukkestad - #37H.SentralMidt1--
Sander Djupvik - #40H.Back---
Henrik Elvevold - #31V.SentralMidt---
Adrian Nyland Ørsahl - #9H.Spiss1--
Tord Haakon Hovden - #39V.Spiss---
Mathias Nordby Sørensen - #33Innbytter---
Jonas Njerve - #22H.Ving1--
Klikk her for lagoppstillingen
Sterk siger borte mot Nordstrand
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Iver, Henrik, Adrian

 

Knappe tre døgn etter treningskampen mot Lommedalen var det klart for ny treningskamp for Loket. Motstandar var Thomas Holms Nordstrand, også Norsk Tipping-ligaen, som i dag spelte si generalprøve før dei skal spele NM-kvalik neste helg. Loket roterte på mannskapet med heile sju endringar i startoppstillinga samanlikna med onsdagens kamp.

1. omgongen var ein jamnspelt omgong, men dei største målsjansane er det Loket som kjeme til. Tord Haakon Hovden kjeme til ein god muligheit inn i feltet der skotet blir blokkert, men Iver Ukkestad plukkar opp ballen, drar fint av ein motspelar og setter ballen sikkert forbi Nordstrand-keeperen, dermed 1-0 til Loket etter omlag 15 minutt. Midtvegs i omgongen kjeme Adrian Nyland Ørsahl aleine med keeper, men ei fin redning av heimelagets keeper hindrer scoring. Etter halvtimen er det imidlertid klart for 2-0 til Loket. Henrik Elvevold gjer ei fin forsering inn i feltet, skotet hans blir imidlertid redda av keeper, men returen header Adrian i mål. Etter 40 minutt får heimelaget sin fyrste store målsjanse, ei heading etter innlegg som går i tverrliggaren. Rett før pause kjeme eit nytt innlegg frå heimelaget som blir avslutta med ei flott heading i lengste hjørnet. Dermed 1-2 til pause.

Heimelaget held fram med å styre i starten av 2. omgong, men dei store sjansame uteblir. Imidlertid er det Loket som auker til 3-1 etter omlag 65 minutt, eit fint innlegg av Jon Jæger blir satt i mål frå kort hald av Jonas Njerve. Like etter finner eit nytt innlegg frå Jon ein umarkert Mathias Nordby Sørensen på bakre stolpe, men avslutninga blir satt like over mål. Loket har etter dette bra kontroll, men dei siste knappe 10 minutta jager Nordstrand redusering, den får dei i det 90. minutt når dei er først på ein retur etter eit skot i tverrliggaren, dermed 3-2. På overtid får heimelaget til eit godt skot frå distanse, men Sivert Pieroth gjer ei god redning og dermed vinner Loket 3-2 mot dagens vertskap.

Når fire veker gjenstår til seriestart går Loket no inn i treningsmodus dei neste par vekene før laget møter Årvoll og Frigg i dei siste to treningskampane før sesongstart.