'Follo - Lokomotiv 1 [1 -4] - Terningkast:4'
Follo - Lokomotiv 1 1-4



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Andreas Håskjold - #12Keeper---
Eirik Bie - #34V.Stopper---
Henrik Negård - #2H.Ving11-
Ole-Johan Skrede - #32H.Back1--
Marius Vatvedt - #26V.Back---
Olav Kildal - #27H.Stopper---
Mathias Rossfjord - #46Innbytter---
Kjetil Steinsvik Paulsen - #38V.SentralMidt---
Iver Ukkestad - #37H.SentralMidt1--
Jonas Njerve - #22V.Ving-1-
Tord Haakon Hovden - #39H.Spiss---
Espen Standal - 8divInnbytter1--
Ole-Kristian Førde - #15V.Spiss---
Klikk her for lagoppstillingen
Lokomotiv Oslo kjørte over et ungt Follo på bortebane: 1 - 4
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Henrik, Kjetil, Marius

Solid 4-1 siger borte mot Follo FK fredag kveld!

Som venta møtte Loket eit ungt og ballbesittande Follo-lag. Heimelaget hadde kanskje ballen mest frå start av, men utan at dei skapte målsjansar i heile 1. omgong. Måla var det derfor Loket som stod for, 1-0 ved Iver Ukkestad etter 20 minutt som snapper ballen frå keeperen når heimelaget vart i overkant ambisiøs med balltrillinga på egen banehalvdel og 2-0 ved Ole-Johan Skrede som smeller ballen kontant i mål frå kort hald etter ein dødball, dermed 2-0 til pause.

I 2. omgong auker Espen Standal, som kom til fleire store sjanser i 2. omgong, til 3-0 etter rundt 60 minutt etter ein fin overgong og flott innlegg frå Henrik Negård. Like etter scorer Henrik Negård sjølv etter ein utsøkt lobb over keeper frå hjørnet av 16-meteren. Follo får også nokre muligheiter mot slutten av kampen og reduserer til 4-1 etter eit unødvendig balltap frå Loket.

Totalt sett ein veldig solid prestasjon av Loket, men Follo stilte ikkje toppa denne kvelden, men det gjer dei garantert når vi møtes til seriekamp på Ski stadion 27. april. Skal vel godt gjerast om naturgrasbana blir klar til då med all snøen som ligger på den per i dag.

Generalprøva før neste søndags NM-kvalik spelar Loket førstkomande onsdag borte mot Bent Inge Johnsen sitt Gjelleråsen, eit lag som også skal spele i Norsk Tipping-ligaen i 2018.

Takk til Follo og dommere for kamp, og lykke til i kommende sesong.