'Oppsal - Lokomotiv 1 [0 -0] - Terningkast:5'
Oppsal - Lokomotiv 1 0-0



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Andreas Håskjold - #12Keeper---
Henrik Negård - #2V.Spiss---
Jon Jæger - #3Innbytter---
Ole-Johan Skrede - #32H.Stopper---
Jørgen Birkeland - #48V.Back---
Olav Kildal - #27V.Stopper---
Sander Djupvik - #40H.SentralMidt--
Mathias Rossfjord - #46H.Back---
Mathias Nordby Sørensen - #33H.Ving---
Jørgen Østerås - #36V.Ving---
Kjetil Steinsvik Paulsen - #38V.SentralMidt---
Jonas Njerve - #22H.Spiss---
Tord Haakon Hovden - #39Innbytter---
Klikk her for lagoppstillingen
Veldig god laginnsats sikret poeng og utsatte festen for Oppsal: Oppsal - Loket 0-0
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Henrik, Jonas, Jørgen

Inn mot denne kampen hadde Oppsal verkeleg mobilisert med massiv promotering av «opprykkskampen» i sosiale medium og nærare 300 forventningsfulle heimesuopportarar hadde også tatt turen. Kort og godt, det var invitert til fest der Loket noko motvillig var tenkt å vere hovudretten.

Heimelaget har initiativet i 1. omgong og kjeme til ein del innlegg og cornerar, og det blir sjølvsagt nokre sjansar også, men ikkje enormt mange. Loket har på si side også sine muligheiter, ei heading frå Jonas Njerve, samt gode skot frå gode posisjonar av Jørgen Østerås og Mathias Nordby Sørensen.

I 2. omgongen blir trykket på Loket større og det at Kjetil Steinsvik Paulsen måtte ut med skade tidleg i omgongen bidrog nok til det. Oppsal trykker sjølvsagt på og har fleire gode muligheiter, inkludert ei scoring avblåst for offside på tampen, men Andreas Håskjold gjer fleire solide redningar og forsvaret får klarert i siste liten. Loket har på si side eit par enormt store sjanser ved vår fotrappe Tord Haakon Hovden, men mål vart det ikkje. Dermed ender kampen 0-0. Kanskje eit heldig poeng for Loket denne gongen, men i vårkampen var det Oppsal som var heldige når dei vann noko ufortent 2-1 på Marienlyst, ting jamnar seg ut gjennom ein lang sesong.

Oppsal hadde før denne kampen vunne 10 av 11 heimekampar og scora 45 mål på desse kampane, noko som gir eit snitt på over 4 mål per kamp. Når Oppsal då ikkje makter å score mål i ein heimekamp for fyrste gong i år, i ein kamp der motivasjonen for å vinne var enorm, er det berre å gi enorm kred til Loket-spelarane sin innsats i ettermiddag, samtlege spelarar jobba dedikert og knallhardt kampen igjennom. For Oppsal sin del, opprykksfesten vart ikkje avlyst, men kun utsatt. Oppsal har vore det desidert beste laget i årets sesong og får ein ny «matchball» til å sikre opprykket neste helg.

For Loket sin del var dagens poeng eit nytt viktig poeng i kampen om fornya kontrakt. Laget ligger no på 5. plass med 8 poeng ned til laga under nedrykksstreken når kun 3 serierunder gjenstår. Veldig masse skal i så måte gå galt for at Loket ikkje tar fatt på sesong nummer 3 på rad i Norsk Tipping-ligaen i 2019.