'Halsen - Lokomotiv 1 [4 -3] - Terningkast:3'
Halsen - Lokomotiv 1 4-3



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Joakim Fuglår - #1Keeper---
Mika Mykkeltvedt - #2V.Stopper---
Ola Rognebakke - #35V.Back---
Ole-Johan Skrede - #32H.Stopper---
Jon Jæger - #3H.Back---
Henrik Elvevold - #31V.SentralMidt-2-
Knut-Idar Skjelten Dalhus - #6S.SentralMidt---
Kjetil Steinsvik Paulsen - #38H.SentralMidt---
David Nedal - #7Innbytter1--
Atle Norum Tronsmoen - #39V.Spiss11-
Mathias Nordby Sørensen - #33H.Spiss1--
Vegard Hellebust - #5Spiss---
Adrian Nyland Ørsahl - #9Innbytter---
Klikk her for lagoppstillingen
Enormt surt bortetap mot Halsen
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Atle, Henrik, Mathias

Ein strålande «sommardag» var det i dagens kamp i Larvik med 22-23 varmegrader, faktisk var det so varmt at dommar midtvegs i begge omgongar innvilga laga drikkepause, noko uvanleg når ein skriver 21. september.

Loket starta kampen klart best og Henrik Elvevold får vår første sjanse når han skyter i stolpen, men heimelaget får klarert returen. Istaden er det heimelaget som scorer 1-0 på sin fyrste muligheit når lagets toppscorer ender opp umarkert inne i vår boks. Loket trykker imidlertid på for ei utlikning, fyrst får Vegard Hellebust hovudet på eit innlegg, men heimelagets keeper får i siste liten ei hand på ballen slik ballen går over tverrliggaren til corner. Etter knappe halvtimen utliknar Loket fortent nok når ei pasning frå Henrik sender Mathias Nordby Sørensen aleine med keeper som avslutter sikkert i hjørnet til 1-1. Ikkje lenge etter kjeme Knut-Idar Skjelten Dalhus igjennom heilt aleine med heimelagets keeper etter fint kombinasjonsspel på midtbana, men avslutninga går dessverre like til side for mål. Istaden, og mot spelets gong, er det heimelaget som scorer 2-1 etter eit innlegg i Loket felt der markeringa nok ein gong er for dårlig. Dermed smått flatterande 2-1 til heimelaget til pause.

I 2. omgong trykker Loket heimelaget tilbake på bana og utliknar til 2-2 etter knappe 50 minuttt når Henrik finner Atle Norum Tronsmoen som aleine med keeper gjer ingen feil. Etter dette er både Henrik, Vegard og Mathias aleine igjennom med keeper, men alle tre gongane blir avslutningane satt like utanfor stengrene. Men etter drøye 75 minutt tar Loket ei særs fortent leiing når eit innlegg frå Atle finner David Nedal på bakre stolpe som kriger inn 2-3 til Loket. Loket har sjølvsagt brukt ein god del krefter i sommarvarmen men ser ut til å ha kontroll. Utlikninga til 3-3, med knappe fem minutt igjen, kjeme i så måte meir eller mindre ut frå ingenting, men etter eit nytt innlegg i feltet ikkje blir forsvart godt nok. Loket får deretter ein ny enorm sjanse på tampen når Henrik på nytt treffer stolpen, men heimelaget får klarert returen. På overtid er det ei kontring frå heimelaget etter ein Loket-dødball når heimelagets toppscorer Smith straffer Loket nådelaust når han setter inn 4-3 og gir heimelaget 3 verdifulle poeng.

Når ein har meir enn dobbelt so mange store sjansar enn heimelaget er det fryktelig surt å tape dagens fotballkamp for Loket, men fotball handler primært om å være det beste og mest kyniske/kliniske laget i begge bokser og der var kort og godt heimelaget betre i dag.

Når det gjenstår 5 kampar er det særs jamnt mellom Loket, Halsen, Mjøndalen 2 og Grei om å unngå 12. plassen og nedrykk. For Loket sin del er det i det minste positivt at laget ligger øverst blant desse laga, med 2 poeng ned til streken. Loket har i så måte alt i egne hender. Det er berre å brette opp ermene og jobbe for å få til ei solid treningsveke inn mot Lokets neste kamp som er heimekamp mot Norild frå Finnmark neste søndag.