'Træff - Lokomotiv 1 [2 -1] - Terningkast:3'
Træff - Lokomotiv 1 2-1



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Andreas Håskjold - #12Keeper---
Eirik Bie - #34V.Stopper--
Henrik Negård - #2H.Back---
Jon Jæger - #3Innbytter---
Ole-Johan Skrede - #32H.Stopper-1-
Marius Vatvedt - #26V.Back1--
Jørgen Birkeland - #48Innbytter---
Sander Djupvik - #40Innbytter---
Mathias Nordby Sørensen - #33H.Ving---
Joakim Schreuder - #9H.SentralMidt---
Jørgen Østerås - #36V.Ving---
Kjetil Steinsvik Paulsen - #38V.SentralMidt---
Iver Ukkestad - #37V.Spiss---
Jonas Njerve - #22H.Spiss---
Tord Haakon Hovden - #39Innbytter---
Klikk her for lagoppstillingen
Meget god innsats bort mot Træff: Dessverre ble det 2-1 seier til Træff
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Andreas, Kjetil, Sander

Heimelaget hadde initiativet frå start og det er ikkje ufortent at dei tar leiinga 1-0 etter ein fin soloprestasjon etter 15 minutt. Like etter får Loket ein enorm dobbelsjanse til å utlikne, men keeper får redda til corner. På corneren scorer imidlertid Marius Vatvedt og dermed 1-1. Etter dette gjer Loket ein særs god siste halvtime inn mot pause og Kjetil har mellom anna eit frispark som går rett over tverrliggar, men 1-1 står seg til pause.

I 2. omgong kjeme Træff best i gong, men nok ein gong er det ein dommar i Møre og Romsdal som tildeler eit straffespark til heimelaget (4 av 6 kampar), den tar dei vare på og scorer 2-1 i det 60. minuttet. Etter dette blir det ein Hawaii-prega siste halvtime der Marius setter ein muligheit rett til side for mål, medan heimelagets keeper gjer ei fantastisk beinparade på overtid på Sander Djupvik og dermed vinner heimelaget som sjølvsagt også hadde fleire gode muligheiter i 2. omgong.

Nok eit surt tap med knappast mulig margin, men det positive er at Loket no er ferdige med langturane for i år. No gjenstår 5 knalltøffe kampar, men alle blir i det minste spelt i Oslo der vi poengmessig har tatt nesten samtlige av poenga våre til no i år.

På tabellen er det no enormt tett, Loket er 4 poeng over nedrykkstreken, men det skiller no kun 7 poeng frå 4. plassen til 12. plassen. Ein thriller står utvilsomt for tur blant laga som kjemper om ny kontrakt!