'Molde 2 - Lokomotiv 1 [3 -2] - Terningkast:3'
Molde 2 - Lokomotiv 1 3-2



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Andreas Håskjold - #12Keeper---
Eirik Bie - #34V.Stopper--
Henrik Negård - #2V.Back-1-
Jon Jæger - #3V.Spiss---
Ole-Johan Skrede - #32H.Back---
Olav Kildal - #27H.Stopper---
Sander Djupvik - #40Innbytter---
Mathias Rossfjord - #46H.Ving---
Mathias Nordby Sørensen - #33H.Spiss---
Joakim Schreuder - #9H.SentralMidt1--
Jørgen Østerås - #36Innbytter---
Kjetil Steinsvik Paulsen - #38V.SentralMidt-1-
Iver Ukkestad - #37V.Ving---
Tord Haakon Hovden - #39Innbytter1--
Klikk her for lagoppstillingen
En spennende kamp på Aker Stadion i Molde ender dessverre med et 3-2 tap for Loket
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Tord, Kjetil, Henrik

Heimelaget starta best i 1. omgong og allereide etter knappe 10 minutt tar dei leiinga 1-0. Molde 2 har nok ballen mest, men Loket har også ballen ein del, men alt i alt er det ein sjansefattig omgong. Midtvegs i omgongen blir Loket snytt for ei straffe når Jon Jæger blir holdt igjen i skuddøyeblikket 5-6 meter frå mål, men dommaren dømmer ikkje. Like før pause blir det istaden 2-0 når ein corner blir halvklarert i returrommet og ein Molde-spelar får godt treff frå 20 meters hald, eit resultat som stod seg til pause.

Loket gjer eit par bytter i pausa, noko som endrer kampbiletet i starten av 2. omgong. Henrik Negård vinner etter omlag 55 minutt ballen ute på venstresida og slår eit hardt innlegg inn i feltet som Joakim Schreuder skyter via tverrrligger og i mål, dermed 2-1 og full kamp igjen. Etter dette jamner ting seg litt meir ut igjen. Molde går etter omlag 70 minutt opp i 3-1 når ein Molde-spelar er mest våken på ein retur i feltet. Like etter blir Tord Haakon feid over ende inne i straffeltet når han har vendt seg fri og stod klar til å putte ballen enkelt i mål, men dommaren dømmer utruleg nok ikkje straffe... Men Loket gir ikkje opp, etter rundt 80 minutt finner ei strålande langpasning frå Kjetil vår høgrekant Tord som gjer eit fantastisk medtak med brystkassa før han lobber ballen utsøkt over heimekeeperen og i mål. Ein kandidat til årets mål som faktisk alle dei frammøtte på Aker stadion applauderte. Loket jager på for utlikning mot eit heimelag som bruker mest energi på å drøye tida, noko dei får gjere ustraffa av dommaren. På overtid får Loket ein enorm sjanse til å utlikne til 3-3 når eit skot frå Mathias Rossfjord forandrer retning og går mot vinkelen, men ei fantastisk feberredning av heimelagets keeper gjer at poenga blir igjen i Molde.

Eit særs skuffande resultat for Loket som i forkant av denne kampen hadde tatt 19 av dei siste 21 poenga. Laget ligger framleis på 4. plass på tabellen, men det er no særs tett bak Loket. Det positive er imidlertid at Loket framleis har 9 poeng ned til nedrykksstreken når 7 serierunder no gjenstår. Fyrstkomande laurdag er det heimekamp på Marienlyst når Spjelkavik kjeme på besøk.