'Lokomotiv 1 - Ullern [0 -3] - Terningkast:2'
Lokomotiv 1 - Ullern 0-3



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Mika Mykkeltvedt - #2V.Back---
Ola Rognebakke - #35V.Ving---
Ole-Johan Skrede - #32H.Back--
Sølve Dahlin Sæter - #15Innbytter---
Jørgen Birkeland - #24Innbytter---
Olav Kildal - #27V.Stopper---
Eirik Bie - #95H.Stopper--
Sander Djupvik - #40V.SentralMidt---
Henrik Elvevold - #31H.SentralMidt---
David Nedal - #7H.Spiss---
Mathias Nordby Sørensen - #33H.Ving---
Jonas Njerve - #22V.Spiss---
Vegard Hellebust - #5Innbytter---
Adrian Nyland Ørsahl - #9Innbytter---
Klikk her for lagoppstillingen
Ullern vart for sterke
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Mika, David, Eirik

Ullern endte sist sesong på nedre halvdel i Loket si avdeling i Norsk Tipping-ligaen, men det var eit heilt nytt lag som kom til Marienlyst i dag. Faktisk var 12 spelarar i dagens Ullern-tropp henta inn frå andre klubber til årets sesong og kun 3 frå fjorårets stall var funnet god nok for startoppstilinga. I så måte har laget i år etablert seg blant topp 4, rett nok eit stykke bak serieleiar Vålerenga 2 som framleis har eit godt grep på opprykksplassen.

I dagens kamp var det gjestane som kom best i gong etter eit langt innkast der ein personlig feil gjer at det står 0-1 etter kun 6 minutt, rett nok er det ein soleklar dytt i feltet som dommar ikkje dømmer på. Vondt blir til verre etter 11 minutt når eit fint Ullern angrep resulterer i 0-2. Det er ein omgang med egentlig få sjanser til begge lag, men gjestane har initiativet og får også eit straffespark tildelt rett før pause som Sivert Pieroth gjer ei strålande redning på, dermed 0-2 til pause.

I 2. omgang bølger det meir fram og tilbake og begge lag kjeme til sjanser, men den einaste scoringa kjeme etter ein ny personlig feil i Loket-forsvaret og dermed vinner gjestane fortent denne laurdagen.

For aller fyrste gong i årets sesong taper Loket ein seriekamp med meir enn eit mål, og då må ein berre innrømme at motstandaren rett og slett var betre. Neste kamp for Loket blir på ingen måte enklare, for då venter Lyn på Bislett neste søndag, eit lag som har henta inn Drillo på trenarsida i kampen om ny kontrakt i Norsk Tipping-ligaen. Vi gler oss allereide til den utfordringa, men må no fyrst bruke den komande treningsveka godt.