'Ready - Lokomotiv 1 [1 -1] - Terningkast:4'
Ready - Lokomotiv 1 1-1



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Ola Rognebakke - #35V.Ving---
Ole-Johan Skrede - #32H.Stopper---
Jørgen Birkeland - #24V.Back--
Lars Toft - #92Innbytter---
Olav Kildal - #27V.Stopper--
Eirik Bie - #95Innbytter---
Sander Djupvik - #40V.Spiss-1-
Henrik Elvevold - #31V.SentralMidt1--
Halvor Andersen - #45Innbytter---
Kjetil Steinsvik Paulsen - #38H.SentralMidt---
David Nedal - #7H.Spiss---
Mathias Nordby Sørensen - #33H.Ving---
Jonas Njerve - #22H.Back---
Adrian Nyland Ørsahl - #9Innbytter---
Klikk her for lagoppstillingen
Poengdeling i pøsregnet
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Olav, Kjetil, Henrik

Medan Loket spelte uavgjort mot Mjøndalen 2 for knappe 4 døgn sidan kom Ready frå ein solid 3-1 siger mot Lyn på Bislett i fyrste kamp etter ferien, noko som heilt klart hadde gitt heimelaget ein god porsjon sjølvtillit. Vertane som på si side hadde fått ei heil veke med restitusjon hadde i 1. omgong mest ball og også dei to største sjansane som traff henholdsvis stolpe og tverrliggar, men 0-0 står seg til pause.

I 2. omgong er Loket meir med frå start av omgongen og tar leiinga 1-0 etter at eit fint angrep på venstresida ender med at Sander Djupvik spelar ballen 45 grader tilbake til Henrik Elvevold som plasserer ballen nede i korthjørnet frå omlag 10 meters hald. Etter dette er det heimelaget som har initiativet i kampen og når kvarteret utliknar dei fortent nok til 1-1 etter at eit innlegg frå deira høgresida blir ekspedert i mål frå kort hald på bakre stolpe. Kampen bølger litt fram og tilbake det siste kvarteret med muligheiter til begge lag, men kampen ender 1-1.

Ein særs viktig kamp for Loket å få med seg poeng frå. Loket ligger framleis på 7. plass, men det er kun 5 poeng ned til nettopp Ready som ligger på 12. plass og fyrste lag under streken. Neste kamp for Loket er mot hardtsatsande Ullern på Marienlyst neste laurdag. Etter to kampar på knappe 4 døgn vil det gjere godt med ei heil treningsveke inn mot neste seriekamp.