'Lokomotiv 1 - Mjøndalen 2 [1 -1] - Terningkast:4'
Lokomotiv 1 - Mjøndalen 2 1-1



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Mika Mykkeltvedt - #2V.Back---
Ola Rognebakke - #35V.Ving---
Ole-Johan Skrede - #32H.Stopper---
Jon Jæger - #3H.Back---
Jørgen Birkeland - #24Innbytter---
Olav Kildal - #27V.Stopper--
Eirik Bie - #95H.Spiss---
Sander Djupvik - #40V.Spiss---
Markus Sjølund Dyrstad - #28Innbytter1--
Henrik Elvevold - #31V.SentralMidt---
Kjetil Steinsvik Paulsen - #38H.SentralMidt-1-
Mathias Nordby Sørensen - #33H.Ving--
Vegard Hellebust - #5Innbytter---
Adrian Nyland Ørsahl - #9Innbytter---
Klikk her for lagoppstillingen
Overtidsdramatikk mot Mjøndalen 2
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Mika, Ola, Sivert

Fyrste haustkamp stod for tur når Mjøndalen sitt rekruttlag gjesta Marienlyst tirsdag kveld. Bortelaget stilte særs sterkt med 6 av 7 spelarar frå gårsdagens innbyttarbenk mot Lillestrøm i Eliteserien, inkludert mellom andre keeper Makani og angriparane Fredrik Brustad og Jibril Bojang.
 
1. omgong starta med at gjestane hadde mest ball, men den første store sjansen fikk Mathias Nordby Sørensen som setter ballen på utsida av stolpen aleine med keeper Makani. Mjøndalen får sin største sjanse i omgongen etter drøye halvtimen, men Sivert Pieroth gjer ei god beinparade og dermed står 0-0 seg til pause, greit nok ettersom Loket tilreiv seg ein god del av banespelet utover i omgongen.
 
I 2. omgong er det også Mjøndalen som kjeme best i gong og gjestane får ei omdiskutert straffe midtvegs i omgongen, imidlertid setter Jibril Bojang den i stolpen og returen blir klarert. Etter dette er det ein god del sjansar til begge lag. Men den store beholdninga i kampen skjer fyrst på overtid, og då blir det særs hektisk. Fyrst dunker Markus Sjølund Dyrstad inn 1-0 til Loket frå omlag 10 meter etter pasning frå Kjetil Steinsvik Paulsen, men i det 94. minutt utliknar gjestane etter eit innlegg og dårlig markering av Loket i feltet. Etter scoringa blir det ein del tumulter der nevnte Bojang tar strupetak på ein Loket-spelar og får direkte raudt kort. Ikkje akkurat optimalt for Mjøndalen at dei raskt må klare seg utan spissen i Eliteserien dei neste par-tre kampane.
 
Surt for vår del at kampen ender 1-1 når vi fyrst tok leiinga på overtid, men med tanke på at Loket hadde fleire mann ute til denne kampen skal ein ikkje kimse av det poenget ein fikk med seg. Loket ligger på 7. plass med sine 19 poeng, men frå 7. plassen ned til 13. plassen er det kun seks små poeng. Neste motstander for Loket er Ready på fyrstkomande laurdag, eit lag som imponerte med bortesiger mot Lyn på Bislett sist helg.