'Lokomotiv 1 - Halsen [2 -3] - Terningkast:3'
Lokomotiv 1 - Halsen 2-3



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Mika Mykkeltvedt - #2V.Back---
Ola Rognebakke - #35V.Ving---
Marius Vatvedt - #26H.Stopper-1-
Ole-Johan Skrede - #32H.Back---
Jørgen Birkeland - #24Innbytter---
Olav Kildal - #27V.Stopper---
Iver Ukkestad - #37Innbytter---
Sander Djupvik - #40V.Spiss---
Henrik Elvevold - #31V.SentralMidt1--
Kjetil Steinsvik Paulsen - #38H.SentralMidt---
Skage Simonsen Lehland - #94H.Spiss1--
Mathias Nordby Sørensen - #33H.Ving---
Klikk her for lagoppstillingen
Surt overtidstap mot Halsen
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Ola, Skage, Mathias


 
Etter 82 minutt, på stillinga 2-1 til Loket, blir Mathias Nordby Sørensen spelt aleine igjennom med Halsen sin keeper, men ei feberredning av gjestane sin keeper hindrer Loket i å auke til 3-1. Etter 84 minutt utliknar istaden gjestane til 2-2. Like før 90 spelte minutt header Loket i tverrliggaren, men istaden scorer Halsen 3-2 etter 93 minutt. Loket får like etter ein stor sjanse til å utlikne men avslutninga til Skage Simonsen Lehland som går over keeper blir redda på streken. Kort oppsummert, dette var dagen det ganske enkelt ikkje ville seg for Loket...

I 1. omgang er det ein jamnspelt omgong med relativ lik sjansefordeling. Halsen tar leiinga 1-0 på ei god kontring og godt kombinasjonsspel, Loket har sjanser til å utlikne like etter, mellom anna ei heading frå Henrik Elvevold som går i tverrliggaren, men Halsen har også ein stor sjanse som går i tverrliggaren. Like før pause får Marius Vatvedt ei klar arm i ryggen av ein Halsen-forsvarar inne i feltet og ein godt plassert dommar dømmer straffe. Henrik Elvevold scorer på sitt tredje straffespark for sesongen og dermed 1-1 til pause.

Dramatikken på slutten av 2. omgang har vi allereide nevnt i starten. Loket har bra kontroll på Halsen i starten av omgangen og etter knappe 70 minutt tar Loket leiinga 2-1 etter ein særs flott prestasjon og skot av Skage Simonsen Lehland frå omlag 15 meters hald.

Loket har hatt marginane mot seg i det siste, men står like fullt med 17 poeng etter halvspelt sesong i det som er den tøffaste avdelinga i årets Norsk Tipping-ligaen. Laget ligger på 9. plass, poenget bak Lyn på 8. plass, med 6 poeng ned til 12. plassen (laget som ligger rett under nedrykksstreken) og kun 5 poeng opp til 3. plassen.

Årets fyrste «haustkamp» blir spelt torsdag før Loket kan sjå fram til drøye 3 veker med treningsfri og velfortent sommarferie. Kortreist bortekamp står då for tur, nemlig kamp mot Frigg som vi deler bane med på Marienlyst.