'Follo - Lokomotiv 1 [3 -2] - Terningkast:3'
Follo - Lokomotiv 1 3-2



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper--
Mika Mykkeltvedt - #2V.Back---
Ola Rognebakke - #35V.Spiss-1-
Ole-Johan Skrede - #32Innbytter---
Sølve Dahlin Sæter - #15H.Stopper---
Jon Jæger - #3H.Back---
Jørgen Birkeland - #24V.Ving---
Olav Kildal - #27V.Stopper--
Eirik Bie - #95Innbytter--
Sander Djupvik - #40H.SentralMidt--
Henrik Elvevold - #31V.SentralMidt---
Halvor Andersen - #45Innbytter---
Ola Sesseng Bratsberg - #18Innbytter2--
Mathias Nordby Sørensen - #33H.Ving-1-
Vegard Hellebust - #5H.Spiss---
Klikk her for lagoppstillingen
Knepent tap borte mot Follo
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Sander, Henrik, Ola SB

 

Det var ein strålande dag for fotball på Ski stadion, rett nok på ei ujamn naturgrasbane som er særs uvant kost for Loket å spele på.

Heimelaget kjeme best i gong og tar leiinga allereide etter knappe 2 minutt, eit innlegg frå deira høgreside og eit godt løp blir ikkje plukka opp, Sivert Pieroth redder det første forsøket, men returen blir satt i mål. Etter dette gjer Loket ein særs god omgong og har spesielt tre megasjanser. Først finner eit flott innlegg frå Ola Rognebakke ein umarkert Mathias Nordby Sørensen på bakre stolpe, men dessverre smyger avslutninga seg utanfor stolpen. Like etter gjer Vegard Hellebust eit flott arbeid når han serverer Mathias som står heilt aleine rett foran mål, men den store gropa rett foran målet gjer at ballen treffer kanten i gropa og spretter opp i hofta til Mathias akkurat når han skulle trille ballen i mål og heimelaget får klarert på streken, fryktelig surt. Like etter header Sølve Dahlin Sæter ein corner 10 centimeter på utsida av stolpen. Heimelaget har ved sidan av scoringa ein stor sjanse til i 1. omgong, men Sivert Pieroth redder fint frå spissen som kom aleine igjennom. Dermed 1-0 til pause.

I 2. omgong er kampbildet framleis at Loket jager utlikning. Dessverre straffer dette seg ved at heimelaget får overgonger etter gjennomspel i bakrom. Det fører til til at dommer gir to straffespark etter to gjennomløp og tilhøyrande duellar etter 55 og 75 minutt, som utvilsomt kan diskuterast, straffesparka blir tatt vare på og Follo leder plutselig komfortabelt 3-0 mot spelets gang. Men Loket gir som kjent aldri opp. Ola Rognebakke med ein flott slått dødball finner Ola Sesseng Bratsberg som header ballen i mål til 3-1 etter 77 minutt. Etter 83 minutt er det klar for 3-2 redusering, Mathias finner Ola inne i feltet som kontant setter sitt andre for ettermiddagen. Loket jager utlikninga mot slutten av kampen, men heimelaget vinner 3-2 til slutt i det som var ein særs intens og spennande kamp.

For Loket sin del var det dessverre som sist helg mot Ørn Horten (1-2 tap) ein kamp der laget hadde marginane mot seg, men laget gjer like fullt ein god kamp på ei ujamn naturgrasbane. Ekstra kred til Ola Sesseng Bratsberg som i sin fyrste kamp for laget i år scorar to mål som innbyttar til tross for at han ikkje har trent med laget. Ola stilte nemlig opp saman med to andre spelarar frå Lokets andrelag i 5. divisjon då fyrstelaget hadde fleire mann ute på grunn av jobb, skader og sjukdom denne gongen.

No tar laget eit par dager fri før ein tar sikte på å få ei god treningsveke inn mot heimekampen neste søndag mot den tidlegare storklubben Lyn som ligger poenget foran Loket på tabellen, avspark 18:00 på Marienlyst.