'Lokomotiv 1 - Ørn Horten [1 -2] - Terningkast:3'
Lokomotiv 1 - Ørn Horten 1-2



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Sølve Dahlin Sæter - #15H.Stopper--
Mika Mykkeltvedt - #2V.Back---
Ola Rognebakke - #35V.Ving---
Jon Jæger - #3H.Back---
Eirik Bie - #84Innbytter---
Sander Djupvik - #40V.Spiss---
Henrik Elvevold - #31V.SentralMidt---
Iver Ukkestad - #37H.SentralMidt---
Vegard Hellebust - #5V.Stopper---
Jonas Njerve - #22H.Spiss---
Mathias Nordby Sørensen - #33H.Ving---
Skage Simonsen Lehland - #10Innbytter1--
Klikk her for lagoppstillingen
Sjansesløseri resulterte i surt tap mot Ørn Horten
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Sølve, Ola, Jonas

 

Det hardtsatsande og ambisiøse laget frå Horten, av mange utpeikt som ein av årets opprykksfavoritter, var det spelemessig førande laget i 1. omgong. Det var ikkje mange sjansane i omgongen, men bortelaget tar leiinga 1-0 etter eit innlegg på deira venstreside finner deira spiss som får krangla den inn frå kort hald. Loket forsvaret meiner det skulle har vore eit frispark til oss rett i forkant, men det må nesten videoen avklare. Ørn Horten fikk scoringa si og leia 1-0 til pause, fortent nok ettersom dei hadde hatt initiativet i omgongen.


I 2. omgong auker gjestane til 2-0 etter ein dødball finner ein umarkert Ørn Horten spelar som setter avslutninga via stolpen og inn. Loket gjer eit par bytter etter 60 minutt noko som fører til ein solid siste halvtime. Skage Simonsen Lehland, som hadde vore sjuk heile veke, trenger berre nokre få minutt før han reduserer til 2-1 etter ein flott enkeltmannprestasjon og skot frå 15 meters hald rett foran mål nede i hjørnet. Etter det har både Skage, Sander Djupvik, Henrik Elvevold, Jonas Njerve og Mathias Nordby Sørensen gode muligheiter til å utlikne, men i dag vil det seg ikkje for Loket og gjestane vinner 2-1.

Etter at årets fyrste tap kom i april, 2-1 borte mot serieleiar Vålerenga 2, har Loket hatt ei særs fin rekke med resultater før årets andre serietap kom no i ettermiddag. Ein del sjukdom etter kampen i Finnmark var nok heller ikkje den mest optimale inngangen til kampen. No er det berre å riste av seg skuffelsen før bortekamp mot formsterke Follo på naturgraset på Ski stadion venter Loket neste helg. Tapet gjer at Ørn Horten passerer Loket og inntar 3. plassen, medan vi faller ned på det som framleis er ein solid 4. plass etter 10 serierunder, men det er særs jamnt på tabellen.