'Norild - Lokomotiv 1 [1 -4] - Terningkast:6'
Norild - Lokomotiv 1 1-4



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Sølve Dahlin Sæter - #15H.Stopper-1-
Jørgen Birkeland - #24Innbytter---
Mika Mykkeltvedt - #2V.Back---
Ola Rognebakke - #35V.Ving-1-
Jon Jæger - #3H.Back---
Olav Kildal - #27V.Stopper---
Sander Djupvik - #40Innbytter-1-
Peder Ruud Dingstad - #35Innbytter---
Henrik Elvevold - #31V.SentralMidt2--
Iver Ukkestad - #37H.SentralMidt1--
Vegard Hellebust - #5Innbytter---
Jonas Njerve - #22V.Spiss---
Mathias Nordby Sørensen - #33H.Ving-1-
Skage Simonsen Lehland - #10H.Spiss1-
Klikk her for lagoppstillingen
Sterk siger i Finnmark
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Olav, Henrik, Iver

 

Loket kom best i gong i 1. omgong og tok tidleg leiinga 1-0 etter eit skot frå omlag 15-16 meter av Skage Simonsen Lehland. Heimelaget utlikner midtvegs i omgongen til 1-1 på eit flott utført frispark frå 18 meter over muren. På overtid blir Sølve Dahlin Sæter dratt ned i feltet på ein dødball og dommaren peiker på straffemerket. Henrik Elvevold (Lokets einaste spelar denne kvelden frå Nord-Norge) setter den kontant i mål slik at Loket leiar 2-1 til pause.

I 2. omgong forsvarer Loket seg flott gjennom heile omgongen. Etter knappe 80 minutt er det klart for 3-1, Sander Djupvik gjer eit flott forarbeid til Henrik som setter sitt andre for dagen aleine med keeper. Rett etterpå er det klart for 4-1, eit fint forarbeid av Mathias Nordby Sørensen sender Iver Ukkestad aleine igjennom og han gjer ingen feil aleine med keeper, noko som blir kampens siste scoring.

Serieleiar Vålerenga 2, Follo og Frigg hadde mellom seg tatt med seg kun eit poeng heim frå Vadsø, medan Lyn måtte slite seg til ein 4-3 siger. Det forteller egentlig det meste om dagens prestasjon. Ein siger som tar Loket heilt opp på 3. plass, men to lag kan sende Loket ned på 5. plass i morgon kveld.

Vi takker Norild for fantastisk vertskap dagen igjennom. Loket er i kveld invitert på gratis middag av Norild på ein lokal festival i Vadsø. Etter middagen er det biltur tilbake til Kirkenes og ein hyggelig kveld der før det er retur til Oslo i morgon formiddag.

Ei god treningsveke står deretter for tur før Ørn Horten gjester Loket på Marienlyst neste laurdag.