'Lokomotiv 1 - Frigg [5 -0] - Terningkast:6'
Lokomotiv 1 - Frigg 5-0



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper-1-
Mika Mykkeltvedt - #2V.Back1--
Ola Rognebakke - #35V.Ving-1-
Sølve Dahlin Sæter - #15H.Stopper--
Jon Jæger - #3H.Back---
Jørgen Birkeland - #24Innbytter---
Olav Kildal - #27V.Stopper---
Iver Ukkestad - #37V.SentralMidt---
Sander Djupvik - #40V.Spiss1--
Henrik Elvevold - #31Innbytter---
Peder Ruud Dingstad - #93Innbytter---
Kjetil Steinsvik Paulsen - #38H.SentralMidt1--
Skage Simonsen Lehland - #94Innbytter1--
Mathias Nordby Sørensen - #33H.Ving-1-
Jonas Njerve - #22H.Spiss---
Klikk her for lagoppstillingen
Storsiger i nabooppgjeret
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Kjetil, Sander, Iver

 

I kveldens lokaloppgjer mot Frigg, som også spelar sine heimekampar på Marienlyst, var det ingen overrasking at heimelaget fikk ha mest ball frå start av i kampen. Men etter omlag 15 minutt plukker Kjetil Steinsvik Paulsen opp ei dårlig klarering rett utanfor 16 meteren, han legger ballen til rette før han smeller ein markkrypar nede ved stolperota i det lengste hjørnet til 1-0. Etter dette forsvarer Loket seg godt resten av omgongen, men heimelaget nærma seg ei utlikning på tampen av omgongen, ein omgong det ikkje var altfor mange sjanser til dei to laga.

Frigg kjører kampen dei første minutta i 2. omgong og har eit par store sjansar, inkludert eit skot i tverrliggaren. Istaden er det Loket som gjer 2-0 på sine fyrste målsjanse i 2. omgong etter 55 minutt. Heimelaget mister ballen på eigen banehalvdel til Mathias Nordby Sørensen som gjer eit fint forarbeid når han serverer ballen til Sander Djupvik som frå litt skrått hald skyter knallhardt nede i det lengste hjørnet. Etter dette har Frigg på ingen måte gitt opp og har nok ei avsluttning i tverrliggaren. Etter knappe 80 minutt punkteres imidlertid kampen med 3-0 når ein strålande corner frå Ola Rognebakke blir heada kontant i mål av Mika Mykkeltvedt, hans fyrste scoring for Loket. 4-0 blir det etter 85 minutt. Eit særs langt utspel frå Sivert Pieroth spretter ein gong i bakken og Frigg-spelaren løpande mot eige mål tenker han skal heade tilbake til eigen keeper rett utanfor 16 meteren, problemet er Frigg-keeperen hadde komt ut til 16-meter streken for å plukke opp ballen, dermed går headinga over han og inn i det tomme målet. Vi krediterer Sivert med assist på den scoringa. Etter knappe 90 minutt er det klart for 5-0. Debutant Skage Simonsen Lehland snapper opp ei feilpasning 10 meter inne på eigen banehalvdel, han vender opp og ser Frigg-keeperen stå langt ute og smeller til frå 60 meter. Ballen går i ein nydelig bue over keeper og inn i det tomme målet. Eit mål det skal bli særs vanskelig å toppe når årets mål blir kåra. 5-0 blir også sluttresultatet, Lokets fyrste heimesiger for sesongen.

Dette var som i mandagens kamp mot Drøbak-Frogn ingen 5-0 kamp, men når Frigg ikkje klarer å utnytte det at dei har ballen mest, samt sine egne sjansar, blir dei straffa hardt det siste kvarteret i kveld.

Loket har dermed ein flott 5. plass etter 8 serierunder no er spelt. Neste helg venter eksotisk tur til Finnmark der ein får oppleve midnattsol og kamp mot Norild i Vadsø. Norild har vore svake borte til no i årets sesong, men på heimebane i Finnmark kan dei derimot vise til særs solide prestasjonar og Loket kan forvente seg ein særs tøff kamp.