'Drøbak-Frogn - Lokomotiv 1 [0 -5] - Terningkast:6'
Drøbak-Frogn - Lokomotiv 1 0-5



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Sølve Dahlin Sæter - #15H.Stopper---
Jørgen Birkeland - #24V.Back---
Mika Mykkeltvedt - #2Innbytter---
Ola Rognebakke - #35V.Ving---
Jon Jæger - #3Innbytter-1-
Olav Kildal - #27V.Stopper---
Erlend Tjøtta Vie - #87H.Back---
Sander Djupvik - #40H.Ving---
Peder Ruud Dingstad - #35Innbytter---
Henrik Elvevold - #31H.SentralMidt1--
Iver Ukkestad - #37V.SentralMidt1--
Vegard Hellebust - #5Innbytter1-
Jonas Njerve - #22H.Spiss11-
Mathias Nordby Sørensen - #33V.Spiss12-
Klikk her for lagoppstillingen
Storsiger i Drøbak
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Mathias, Erlend, Iver

 

Loket leia 1-0 til pause etter ein jamnspelt omgong der sjansane var likt fordelt mellom laga, men scora deretter heile fire mål i 2. omgong, der dei siste tre måla kom det siste kvarteret. Dermed vann Loket kveldens kamp i Norsk Tipping-ligaen med heile 5-0 i Drøbak.

1-0 , 38 minutt, Iver Ukkestad (Mathias Nordby Sørensen) - Mathias tar med seg ballen innover i bana og spelar ballen vidare til Iver som plasserer ballen nede i ein hjørnet frå 20 meters hald.

2-0, 52 minutt, Jonas Njerve (Mathias Nordby Sørensen) - Heimelaget prøver seg på frispeling innanfor eigen 16 meter, feilpasning av keeper snappes opp av Mathias som spelar ballen vidare til Jonas som setter ballen i mål frå kort hald.

3-0, 76 minutt, Henrik Elvevold (Jonas Njerve) - Jonas blir felt av keeper, Henrik (laget yngstemann) setter straffa sikkert i mål.

4-0, 85 minutt, Mathias Nordby Sørensen - Drøbak-Frogn sin venstreback mister ballen til Mathias som setter fart og setter ballen kontrollert forbi keeper.

5-0, 90 minutt, Vegard Hellebust (Jon Jæger) - Gjennomspel av Jon, som Vegard snapper foran keeper rett utanfor 16 meter og får då ein enkel jobb på tomt mål.

Loket hadde ved sidan av scoringane fleire sjansar i 2. omgong, men det skal nevnast at heimelaget også hadde eit par særs store sjansar i 2. omgong på stillinga 2-0. Dette var på ingen måte ein 5-0 kamp, samtidig tok heimelaget særs stor risiko i spelet sitt i 2. omgong, som straffa seg for dei denne kvelden.

For øvrig spelte Erlend Tjøtta Vie sin siste kamp for Loket, ein strålande sådan, ettersom han no flytter til Trondheim.

Det er fryktelig jamnt på tabellen, men etter 7 serierunder ligger Loket på ein flott 5. plass.

Neste kamp for Loket er Marienlyst derbykamp mot våre gode vener i Frigg, avspark 18:00 fyrstkomande søndag, ein kamp ein også finner på søndagens tippekupong!