'Lokomotiv 1 - Ready [2 -2] - Terningkast:3'
Lokomotiv 1 - Ready 2-2



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Sølve Dahlin Sæter - #15H.Stopper---
Jørgen Birkeland - #24V.Back---
Ola Rognebakke - #35V.Ving---
Jon Jæger - #3Innbytter---
Olav Kildal - #27V.Stopper---
Erlend Tjøtta Vie - #87H.Back---
Sander Djupvik - #40H.Ving1--
Peder Ruud Dingstad - #35Innbytter---
Kjetil Steinsvik Paulsen - #38V.SentralMidt---
Iver Ukkestad - #37H.SentralMidt---
Vegard Hellebust - #5Innbytter---
Jonas Njerve - #22H.Spiss1--
Mathias Nordby Sørensen - #33V.Spiss-1-
Klikk her for lagoppstillingen
Sigeren glapp på tampen
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Ola, Mathias, Jonas

 

Kampen mot Ready starta som dei fleste kampane mot Ready dei siste to åra, nemlig at gjestane har mest ball utan at det fører til dei store sjansane, medan Loket primært er farlige på kontringar og i frispelinga når gjestane bommer med sitt høge press. Loket tar leiinga 1-0 rett før pause. Mathias Nordby Sørensen si avslutning går i undersida av tverrliggaren og ned på streken, men Jonas Njerve er våken og header returen i mål frå kort hald, dermed 1-0 til Loket til pause.

Berre knappe fem minutt inn i 2. omgong auker Sander Djupvik til 2-0 etter flott forarbeid og innlegg 45 grader av Mathias Nordby Sørensen på venstrekanten. Med Loket i leiinga setter det sjølvsagt premissane for resten av omgongen, Ready triller ball, medan Loket forsvarer seg. I løpet av dei siste fem minutta av ordinær tid får Ready lønn for strevet med to scoringar i løpet av eit par minutt. Først etter fint kombinasjonsspel, deretter etter eit laust tilbakespel frå Loket dessverre straffer seg og vipps ender kampen 2-2.

Sjølvsagt surt med poengdeling når Loket leiar kampen so lenge som dei gjer i kveld, men i Norsk Tipping-ligaen er det ingen lette poeng å hente til tross for at Loket kunne vise til fire strake sigrar mot Ready dei siste par åra, gjestane kunne mellom anna vise til siger mot sterke Frigg tidlegare i sesongen, samt eit knepent 2-3 tap mot Lyn sist helg.

Poenget gjer at Loket plasserer seg på 6. plass etter 6 serierunder, men rett nok kan eit par lag passere Loket med poeng i sine hengekampar. Neste kamp for Loket er bortekamp mot Drøbak-Frogn, ein kamp som fyrst blir spelt mandag 27. mai. Det skal dermed gjere godt med ei god treningsveke den komande veka.