'Lokomotiv 1 - FK Tønsberg [0 -0] - Terningkast:4'
Lokomotiv 1 - FK Tønsberg 0-0



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Mika Mykkeltvedt - #2V.Back---
Ola Rognebakke - #35V.Ving---
Ole-Johan Skrede - #32H.Stopper---
Sølve Dahlin Sæter - #15Innbytter---
Jon Jæger - #3H.Back---
Jørgen Birkeland - #24Innbytter---
Olav Kildal - #27V.Stopper---
Iver Ukkestad - #37H.SentralMidt---
Sander Djupvik - #40H.Ving--
Henrik Elvevold - #31V.SentralMidt---
Erlend Tjøtta Vie - #88Innbytter---
Mathias Nordby Sørensen - #33V.Spiss---
Jonas Njerve - #22H.Spiss---
Vegard Hellebust - #5Innbytter---
Adrian Nyland Ørsahl - #9Innbytter---
Klikk her for lagoppstillingen
Uavgjort mot serieleiaren
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Mika, Olav, Sivert

 

FK Tønsberg hadde full pott frå dei første tre kampane i Norsk Tipping-ligaen etter 2-1 siger mot Lyn, samt 4-1 sigrar både mot Halsen og Follo. I så måte forventa Loket seg ein tøff kamp på Marienlyst i ettermiddag.

I 1. omgong er det to angrepsvillige lag som gjer at det er høgt tempo gjennom heile omgongen. Loket har nok eit lite overtak i banespelet, men omgongen er ikkje prega av spesielt mange målsjansar og laga går til pause med 0-0.

I 2. omgong kan det virke som Tønsberg-spelarane hadde fått servert hårfønaren i pausa for dei fører kampen dei første 15-20 minutta før det blir noko jamnare resten av kampen. Sivert Pieroth gjer eit par særs gode og viktige redningar i omgongen, medan vår største sjanse er det Sander Djupvik som får servert aleine foran mål, men ballen går dessverre rett utanfor mål og kampen ender dermed 0-0.

FK Tønsberg topper framleis tabellen etter 4 spelte kampar, medan Loket som forventa ligger på nedre halvdel der det særs jamnt mellom laga. Loket har til no spelt 3 uavgjorte kampar, samt tapt 2-1 borte mot Vålerenga 2 på Intility sist helg. Laget jakter dermed framleis på sin fyrste siger, men samtidig har laget i tre av fire kampar møtt lag som ifølge ekspertane er forventa å ende blant topp 5-6.

No er det heldigvis heile 8 dagar til neste kamp, ei pause som vil gjere særs godt etter heile tre kampar den siste veka. Loket har planer om å få trent godt for neste kamp blir heller på ingen måte av den enkle sorten, nemlig bortekamp mot Mjøndalen sine rekrutter mandag 13. mai.

PS! Loket sin snittalder har neppe vore lavare enn i årets sesong. For i dagens startoppstilling stilte Loket for aller fyrste gong med tre 19-åringar frå start i form av midtbanespelarane Sander Djupvik, Henrik Elvevold og Iver Ukkestad. Faktisk var seks av elleve spelarar i Lokets lagoppstilling 21 år eller yngre.