'Ullern - Lokomotiv 1 [1 -1] - Terningkast:4'
Ullern - Lokomotiv 1 1-1



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Jon Jæger - #3H.Back1-
Ole-Johan Skrede - #32H.Stopper---
Ola Rognebakke - #35V.Ving---
Mika Mykkeltvedt - #2V.Back-1-
Olav Kildal - #27V.Stopper---
Iver Ukkestad - #37H.SentralMidt---
Sander Djupvik - #40Innbytter---
Henrik Elvevold - #31Innbytter---
Erlend Tjøtta Vie - #88V.SentralMidt---
Adrian Nyland Ørsahl - #9H.Spiss---
Mathias Nordby Sørensen - #33V.Spiss---
Jonas Njerve - #22H.Ving---
Klikk her for lagoppstillingen
Sterkt bortepoeng i serieopninga
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Mika, Ole-Johan, Jon

 

Ullern har av VG blitt utropt som ein av ovegongsvinnerane i Norsk Tipping-ligaen denne vinteren og fleire har også nevnt dei som ein liten joker i opprykkskampen. I så måte måtte heimelaget finne seg i å ha favorittstempelet før kampen.

Ullern startar best og har mykje ball i starten av kampen, men utan at dei kjeme til spesielt farlige målsjansar, primært er det heimelagets lange innkast som setter Loket mest på prøve, men Loket rydder bra opp. Etterkvart i omgongen jamner det spelemessige seg meir ut og etter knappe halvtimen blir eit frispark slått inn av Iver Ukkestad til Mika Mykkeltvedt som header ballen tilbake til Jon Jæger på bakre stolpe som header ballen i mål frå kort hald, dermed 0-1 til Loket, eit resultat som også står seg til pause.

I 2. omgong satser heimelaget meir framover enn i 1. omgong og det er ikkje ufortent at utlikninga kjeme etter ca. 70 minutt, men rett nok etter ein liten glipp i midtforsvaret til Loket. Ullern jager mest sigeren mot slutten, men kampen ender med 1-1 og poengdeling.

Poeng i ein særs tøff bortekamp for Loket må vi absolutt seie er godkjent. No venter litt trening, men for det meste påskeferie, før Loket møter Grei på Marienlyst 2. påskedag!