'Frigg - Lokomotiv Oslo [2 -4] - Terningkast:6'
Frigg - Lokomotiv Oslo 2-4



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Ola Rognebakke - #35H.Stopper---
Erik Olav Kristiansen - #42Innbytter---
Mika Mykkeltvedt - #2V.Back---
Jon Jæger - #3H.Back1--
Peder Prøvespelar - #87Innbytter-1-
Olav Kildal - #27V.Stopper---
Erlend Tjøtta Vie - #87V.Ving---
Iver Ukkestad - #37V.SentralMidt---
Markus Sjølund Dyrstad - #28Innbytter---
Kjetil Steinsvik Paulsen - #38H.SentralMidt-1
Adrian Nyland Ørsahl - #9H.Spiss1--
Jonas Njerve - #22H.Ving1--
Mathias Nordby Sørensen - #33V.Spiss11-
Klikk her for lagoppstillingen
Særs sterk siger mot Frigg i generalprøva
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Iver, Kjetil, Mathias

 

Frigg, av mange rekna som den største opprykksfavoritten i Loket si avdeling, stod utan tap i vinterens treningskampar der dei mellom anna har slått 2. divisjonslaga Asker, Bærum og Kvik Halden. Loket rekna i så måte med særs tøff motstand i dagens generalprøve på Marienlyst der begge laga spelar sine heimekampar i Norsk Tipping-ligaen.

Loket er mest på frå start av i kampen. Mathias Nordby Sørensen er på veg igjennom når han blir dratt ned 20 cm utanfor straffefeltet. Frisparket slår Kjetil Steinsvik Paulsen perfekt inn til Adrian Nyland Ørsahl som gir Loket leiinga 1-0 frå kort hald. Etter knappe kvarteret utliknar imidlertid Frigg på ein corner til 1-1. Etter halvtimen spelar Loket seg flott igjennom mot eit Frigg i etablert forsvar der Mathias står for assisten til Jon Jæger som setter ballen sikkert forbi Frigg keeperen og Loket tar leiinga 2-1. Nokre minutt seinare er det imidlertid Frigg som står for fint kombinasjonsspel som resulterer i 2-2, eit resultat som også står seg til pause.

I 2. omgong er Loket nok ein gong raskast ut frå startblokkene og i etterkant av ein dødball faller ballen i beina til Jonas Njerve som frå omlag 10 meter banker ballen via tverrliggaren og i mål. Etter 60 minutt aukar Loket til 4-2 etter at ei fin pasning frå prøvespelar Peder sender Mathias aleine igjennom og han lobber ballen elegant i mål. Like etter har Loket ein enorm målsjanse når Markus Sjølund Dyrstad finner ein umarkert Jonas inne i feltet, men avslutninga går rett utanfor stolpen. Frigg styrer det meste av banespelet i andre halvdel av 2. omgong i jakt etter eit reduseringsmål, men utan at det resulterer i meir enn eit par-tre målsjansar, dermed vinner Loket generalprøva 4-2.

Kort oppsummert ein særs sterk siger av Loket i generalprøve mot eit Frigg-lag som i 2018 kun hadde 14 baklengs på 26 seriekampar. Når Frigg-keeper Egil Borgen Evensen då må hente 4 baller ut frå nettet er det liten tvil om at Loket skal ta med seg mykje positivt frå denne kampen.

Imidlertid vart det delt ut 0 poeng i dagens kamp. For det er først neste helg det gjelder når serien starter med bortekamp mot Ullern. Forhåpentligvis kan Loket få tilbake fleire av dei 7 som stod over med skade i dagens kamp til den kampen og til kampane som står i kø etter påske.