'Lillestrøm 2 - Lokomotiv Oslo [2 -1] - Terningkast:4'
Lillestrøm 2 - Lokomotiv Oslo 2-1



Spiller Start posisjon Mål Assist Kort
Sivert Pieroth - #12Keeper---
Jon Jæger - #3Innbytter---
Ole-Johan Skrede - #32H.Back---
Ola Rognebakke - #35V.Ving---
Jørgen Birkeland - #24V.SentralMidt---
Mika Mykkeltvedt - #2Innbytter---
Olav Kildal - #27V.Stopper---
Eirik Bie - #34V.Back--
Martin Liven - #85Innbytter---
Henrik Elvevold - #31H.SentralMidt---
Tord Haakon Hovden - #90H.Ving---
Mathias Nordby Sørensen - #33V.Spiss-1-
Jonas Njerve - #22H.Spiss1--
Vegard Hellebust - #5H.Stopper---
Klikk her for lagoppstillingen
Årets fyrste treningskamp gjennomført!
SPILLERPOENG 3, 2, 1:     Kildal, Skrede, Tord

 

Etter fire veker med treningar var det godt å få kome i gong med kamp på stor bane igjen. Med tanke på det massive snøfallet siste døgnet passa det særs fint å møte LSK 2, som også spelar i Norsk Tipping-ligaen, innandørs i LSK-hallen.

Heimelaget har initiativet i starten av kampen, det var tydelig å sjå at dei i motsetning til oss allereide hadde spelt to treningskampar i løpet av januar. Midtvegs i omgongen tar Loket over initiativet og tar leiinga etter halvtimen når Jonas Njerve smeller ballen kontant i mål frå 13-14 meter etter pasning frå Mathias Nordby Sørensen. Nokre minutt før pause vinker linjedommaren for offside i ein situasjon som endte i scoring til heimelaget. Dommaren er først enig at det var offside, men heimelaget overtaler dommaren til å prate med linjedommaren, noko som resulterer i at scoringa blir godkjent, dermed 1-1. Rett før pause burde Loket ha tatt leiinga når Jørgen Birkeland sender ein susar i undersida av tverrliggaren frå 20 meters hald, dessverre blir Tord Håkon Hovden sin retur blokkert av LSK-forsvaret. Pauseresultatet blir 1-1 etter ein god gjennomført omgong av Loket.

Loket gjer ein god del bytter i 2. omgong noko som nok setter sitt preg på prestasjonen, for heimelaget er det beste laget i 2. omgong, men den einaste uttellinga får dei frå dommaren etter det som var eit særs billig idømt straffespark. Heimelaget vinner dermed kampen 2-1.

Kort oppsummert var det fint å kome i gong igjen med kamp på stor bane, i tillegg fikk alle sleppe til i minst ein omgong. Neste laurdag er det ny treningskamp når vi møter 4. divisjonslaget Manglerud Star som var frykteleg nær opprykk til 3. divisjon sist sesong. Kampen går nok ein gong innandørs, denne gongen i Manglerudhallen.

Vi i gong med 2019-sesongen!

 

PS! Loket hadde i tillegg ein prøvespelar som kom inn i 2. omgong.